Ikonsett Blue background

Logo Systematisk sammenligning

Velkommen til SYSAM

SYSAM står for systematisk samanlikning, og er primært eit verktøy for rapportering av sakshandsamingstider. SYSAM erstattar lokal loggføring og dannar grunnlag for uttrekk til tertial- og årsrapport. SYSAM legg til rette for at rapporteringa skal bli så lik som råd mellom embeta, og gjer samanlikninga mellom embeta enklare.

Løysinga gjev oversikt over alle plan- og byggesaker hos statsforvaltaren slik at brukarane og avdelinga lett kan halde oversikt over eigne saker og alderen på desse. Statistikk over ekspederte saker vert rekna ut automatisk, noko som forenklar og kvalitetssikrar rapporteringa.

Delar av løysinga er offentleg tilgjengeleg. Statistikksida viser sakshandsamingstider og restansar for alle embeta, og er open for alle. Oversikt over enkeltsaker, sakshandsamarar og saker under handsaming er berre tilgjengelege for innlogga brukarar i embeta.

Embeta har plikt til å rapportere klage på byggesak, klage på reguleringsplan og ekspropriasjonssaker. For andre sakstypar vil statistikken berre vise eit korrekt bilde av saksmengde og saksbehandling i den grad embeta har valgt å legge inn også desse andre sakstypane.

Har du tekniske problem med SYSAM? Send inn ei sak på hjelp-sida vår på https://www.statsforvalteren.no/hjelp.

SYSAM vart utvikla av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2016 etter bestilling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I dag driftast løysinga av Statsforvaltarens fellestenester.